Vatn og avløp

​Vakttelefon

Vakttelefonen handterer akutte hendingar på det kommunale vatn- og avløpsnettet som vasslekkasje, kloakklekkasje, tilstopping av kloakkleidningar m.m.

Vakttelefonen er open heile døgnet, men utanom ordinær arbeidstid er vaktordninga basert på frivillig utrykking.

Telefonnummeret er: 95 30 36 08.

Dersom problemet ikkje er akutt, kan du kontakte Avd.ingeniør vatn- og avløp på dagtid: torstein.dervola@vang.kommune.no

​Vasskvalitet​

Drikkevatnet i Vang kommune har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi varslar om noko anna.

Dersom det blir sendt ut ei anbefaling om å koke vatnet, bør du fylje Folkehelseinstituttets råd.

Hva bør du gjøre hvis du får beskjed om å koke drikkevannet?

Alle vassverka i Vang kommune nytter borebrønnar som vasskjelde. Vatnet frå borebrønnar er middels hardt og inneheld noko jern og mangan. 

Driftsmeldingar

Vang kommune varslar abonnentar ved viktige hendingar som gjeld vatn og avløp. 

Du får tilsendt SMS dersom du er knytt til kommunalt vatn og avløp og er registrert som eigar i det nasjonale kontaktregisteret for personer eller einheitsregisteret for bedriftar. For å gjere endringar på dette må du gå inn på Nasjonalt kontaktregister og oppdatere kontaktinformasjonen din. Obs: Dette krev bank-id. Vang kommune administrerar ikkje dette.

Ynskjer du at fleire i din husstand eller andre blir varsla ved driftsmeldingar, kan du registere ei tilleggsvarslingsmottakar. Dette kan du gjere på Varslemeg.no.

Endre kontaktopplysningar: Nasjonalt kontaktregister

Legg til mottakar: Varslemeg.no

Gebyr og vassmålar

Årsgebyr både for vatn og avløp er sett saman av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein mengdeavhengig del (forbruksgebyr). Kundar utan vassmålar vert fakturert etter BRA areal (bruksareal) på bygget. Kundar med vassmålar vert fakturert etter reelt forbruk. Frå og med 01.01.2026 blir kommunale avgifter fakturert 4 gonger i året i staden for to. Det betyr at du vil få faktura kvartalsvis, altså ein gong kvart kvartal. Det blir fakturert i februar, mai, august og november. 

Kommunen fakturerer eit forskot på vatn og avløp slik at kostnaden blir fordelt utover året, i staden for å kome som ei stor avrekning éin gong i året. Når året er omme, blir det rekna ut kva du faktisk har brukt. Her får du tilbake det forskotet du har betalt året før. Om du hadde eit høgt forbruk i året før, blir forskotet satt tilsvarande høgt i det nye året. Frådrag kjem på fyrste fakturaen for året som er i februar. Nytt forskot for året vert basert på avlesing av vassforbruket frå året før. 

Vassmålar

Alt forbruk skal dokumenterast ved bruk av vassmålar. For å få installert vassmålar må du sjølv ta kontakt med ein autorisert røyrleggjar. Røyrleggjar skal hente ut vassmålar hos kommunen og stå for sjølve installasjonen. Abonnementet gjeld frå den dagen vassmålaren er utlevert. Kommunen tek ikkje betaling for sjølve målaren, men kostnadane med installering må eigar dekkje. 

Vassmålaren skal vere plassert straks etter hovudstoppekran ved vassinntaket. Alt vassforbruk i eininga skal gjennom vassmålaren. Målaren skal vere plassert på ein oversiktleg plass slik at den er lett å lese av og vedlikehalde.

Vassmålaravlesing

I desember kvar år er det vassmålaravlesing, og det blir sendt ut SMS-varsling til dei som har registrert mobilnummer for avlesing. Det blir og sendt ut avlesingskort via SvarUt til dei som ikkje har SMS-varsling. Kommunen bruker innsendt vassmålaravlesing til grunn for avrekning av vatn og kloakk som du har brukt det året. Om du ikkje har sendt inn avlesing til kommunen så blir det stipulert eit antatt forbruk. 

Gebyr: Vatn og avløp

Lokal forskrift om gebyr for kommunalt vatn og avløp Vang kommune 

Brunt vatn

  • Vatnet kan vere brunt etter avstenging eller andre hendingar.
  • Endra vasshastigheit i røyra kan føre til at partikler som har sete fast på leidningane fell av og blir transportert med vatnet.
  • Tapp kaldt vatn til det blir klart. Bruk helst krana nærast inntaket. Vent med å bruke vaske- og oppvaskmaskin til vatnet er klart.

Frose vatn

Problem med vassforsyninga - frose vatn?

Kaldt vêr kan skape store problem for huseigarar når vassleidninga frys. Her er nokre enkle tips for å unngå dette - og litt om kva du må gjere dersom leidninga allereie er frosen.
 

Artikkelliste

Kontaktinfo

Vakttelefon vatn og avløp
Telefon 95 30 36 08
Torstein Brekke-Dervola
Avdelingsleiar vatn og avløp
E-post
Telefon 91 83 78 98

Opningstider

09.00-11.30 ope
11.30-12.00 stengt for lunsjavvikling
12.00-15.00 ope
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres