Ordførar

Jørand Ødegård Lunde overtok ordførarvervet i Vang etter valet i 2023.

Bilete av Ordførar Jørand Ø Lunde - Klikk for stort bilete

Ødegård Lunde har utdanning innan administrasjon og leiing frå Høgskolen i Innlandet, historie frå Universitet i Bergen og NTNU i Trondheim (Dragvoll) og styrekompetanse frå BI. Dei siste 8 åra før ho vart ordførar, var Lunde dagleg leiar i Valdres Natur- og kulturpark. Ho har 16 års erfaring frå fylkestinget i Oppland med ulike verv der, samt at ho har lang fartstid frå ulike styrer mellom anna Innovasjon Norge og Norges pelsdyralslag.

Ho bur på garden Lunde i Øye og er gift med Johannes, dei har 3 vaksne døtre og 7 barnebarn. På fritida er Jørand glad i å vera ute og ho trives godt i fjellet, gjerne i den vesle fiskebua ved Svarteknippa på Filefjell. 

Kjerna i hennar politiske engasjement er ynskje om å bidra til at Vang skal vera ein god og attraktiv plass å bu for folk i alle aldrar.

Kontaktinfo

Jørand Ødegård Lunde
Ordførar
Telefon 95 93 56 78

All kommunikasjon med ordføraren er offentleg og underlagd arkivplikta.

Kristin Bakke Lajord
Varaordførar
Sentralbordet
Telefon 61 36 94 00

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres