Hausten 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval. Det skal veljast nye styre, råd og utval for valperioden 2023-2027. Alle kommunar og fylkeskommunar skal etter kommunelova § 5-2 opprette råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og ungdomsråd eller anna medverkingsorgan for ungdom.
Etter kommunelova § 5-12 har relevante interesseorganisasjonar rett til å kome med framlegg om medlemmane i desse tre råda. Kommunen ønskjer tilbakemelding frå interesseorganisasjonar om aktuelle kandidatar til råd for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og ungdomsråd.
Før ein organisasjon foreslår ein kandidat, bør organisasjonen gje vedkomande tilstrekkelig informasjon om kva vervet som rådsmedlem inneber og vere trygg på at vedkomande er motivert for oppgåva.
Namn, adresse og telefonnummer på aktuelle kandidatar kan sendast til post@vang.kommune.no v/valnemnda. Vi ønskjer tilbakemelding innan 1 oktober.
Eldrerådet har 7 medlemar + personleg vara.
- 5 medlemar skal representere interessene til eldre i kommunen
- 2 medlemar skal vere politikarar
- Fleirtalet av medlemane i eldrerådet skal ha fylt 60 år på valtidspunktet
Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 5 medlemar + personleg vara
- 3 medlemar skal representere interessene til menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen
- 2 medlemar skal vere politikarar
Ungdomsrådet har 7 medlemar + personleg vara
- 6 medlemar skal representere interessene til ungdomar i kommunen
- 1 medlem skal vere politikar (leiar for hovudutvalet for levekår). Nestleiar for hovudutvalet for levekår er vara.
- Dei valde medlemane i ungdomsrådet skal ikkje vere fylt 19 år på valtidspunktet
Sist endra 20.06.2023 12.53