Kommunen sin administrasjon finn du på kommunehuset i Vang.
Kommunedirektør Erlend Haaverstad er øvste administrative leiar for alle tilsette i kommunen. Kommunedirektøren sine oppgåver følgjer for ein stor del av kommunelova: Han skal sjå til at saker som skal behandlast politisk, er godt nok opplyste/ utgreidde. Det er også kommunedirektør om set i verk vedtaka.
Administrasjonen skal gje service til alle i kommunen ut frå det som til ein kvar tid er kommunen sine oppgåver.
Dette gjeld indirekte ved å sørge for god og tilpassa produksjon av dei ulike tenestene. Administrasjonen utfører elles ei rad lovpålagte forvaltningsoppgåver.