Beredskap

Eigenberedskap:

 

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vant til at det meste fungerar som det skal. Livet i Noreg er imidlertid heilt avhengig av blant anna strøm, vatn og internett – og nettopp det er vår største sårbarheit.

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Derfor ber vi alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. I dette heftet går vi igjennom dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og konkrete døme på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre dagar ved ei hending.

Les meir her.

 

Ved hending:

 

Ved behov for augeblikkeleg hjelp – ring Politi (112), Brann (110) eller Ambulanse (113). Ved mindre hendingar kan du kontakte Politiet lokalt (02800) eller lokal legevakt (116 117).

Om du eller nokon du kjenner treng augeblikkeleg hjelp i ein situasjon utan telekommunikasjon, kan de møte opp på Vangsheimen når legekontoret ikkje er opent.

Ved pågåande hendingar som involverer Vang kommune:

  • informasjon blir delt på heimesida til kommunen.
  • Ved tap av telekommunikasjon vil kommunen nytte oppslagstavler på Joker Tyinkrysset, COOP Fjellvang, Åsvang skule og Joker Ryfoss for å dele viktig informasjon.

Dei som ynskjer å dekke ei hending kan nytte biblioteket på Vangstunet. Kommunehuset vil ikkje vere opent for media under handteringa av ei hending.

Råka og pårørande kan forvente å finne informasjon om møtestad eller kontaktnummer her på heimesida.