Den kommunale kriseleiinga arbeidar alltid som supplement til ordinære redningsressursar.
Innbyggarar har sjølv ansvar for å sikre seg mot uønska hendingar. Alle bør ha mat og drikke for fire til seks dagar i høve straumstans eller andre hendingar som kan råke oss. Me tilrår og at de les http://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/ for å vera førebudd på storm eller andre naturhendingar. Internettressursar som www.sikkerhverdag.no, www.nve.no ogwww.kriseinfo.no kan og nyttas som informasjonssider ved varsel om fare for natur- eller samfunnshendingar.
Vang kommune rår dei som er i kommunen å fylgje med på radio eller TV ved hendingar.
Hensikta med kommunal samfunnstryggleik- og beredskapskarbeid er å leggje til rette for trygge lokalsamfunn og sjølvhjulpne innbyggarar.
Kommunen har eit generelt og grunnleggande ansvar for å halde velferda og tryggleiken til innbyggjarar, gjennomreisande og besøkande i hevd. Kommunen utgjer slik det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen.
- I ein beredskapssituasjon skal den kommunale forvaltninga løyse oppgåver dei elles ikkje arbeidar med. Samtidig skal viktige samfunnsfunksjonar, til døme vatn, avlaup eller helsetenestar, driftast.
- I ein krisesituasjon har rådmann og ordførar fullmakt til å setje i verk naudsynte tiltak for å avgrense eller handtere hendinga.