Private avløpsanlegg

Før etablering av nye, eller vesentlig endring av eldre avløpsanlegg skal det søkast om utsleppsløyve:

Korleis velje riktig løysing?

Grunnforhold på eigedommen, avstand til vasskjelde og ulike brukarinteresser (badeplassar, rekreasjonsområde  etc.) bestemmer kva  avlaupsløysning som bør veljast, og kor avløpsanlegget kan plasserast. Avløpsanlegget og utsleppet må ikkje bli til ulempe for omgjevnadane. Du må kontakte eit fagkyndig firma som kan gjennomføre grunnundersøkingar, prosjektere anlegget og sende inn søknad om utsleppsløyve.

For informasjon om ulike avløpsanlegg og kostnadsvurdering visast  det til www.avlop.no

Krav til ulike typer avløpsanlegg og regelverk:

 

Alle anlegg skal prosjekterast  etter gjeldande forskrifter, NS-standardar og VA-miljøblad, og avvik frå disse skal beskrivast.

Søknad og informasjon om saksbehandlingen

Før bygging av anlegg eller oppgradering av gamle anlegg kan setjast i gang skal det ligge føre:

Godkjent søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta.

Godkjent byggesøknad etter plan- og bygningsloven.

Eigar må få bistand frå nøytralt fagkyndig firma til å utarbeide og sende inn søknad om utsleppsløyve. Nabovarsel for avløpsanlegg har to veker  svarfrist. Søknad om utsleppsløyve har inntil seks veker saksbehandlingstid. Søknaden vil ikkje bli behandla før komplett søknad med tilhøyrande vedlegg er motteke hjå oss.

Søknadsskjema for utsleppsløyve finn  du her: Lenke til skjema

Komplett søknad sendes til post@vang.kommune.no eller i vanleg post.

Merk søknaden med gards og bruksnummer.

Vedlegg til søknaden

Om anlegget:

Det planlagde anlegget beskrivast  så detaljert som mulig. Dersom det gjeld infiltrasjonsanlegg/sandfilteranlegg eller liknande skal målsett grøfteprofil med jordprofil og djubde til fast grunn (lite vanngjennomtrengeligheit) og/eller grunnvatn inngå.

Plassering av avløpsanlegg på kart bør inkludere:

 

- Bygningar, eigedomsgrenser og adkomstveg (vinterbrøyt?)

- Målestokk på kartet (1:5000 til 1:1000) samt nord N↑ pil.

- Gards- og bruksnummer på den aktuelle eigendommen

-Vidare markerast fyljande dersom aktuelt for det omsøkte reinseanlegget:

Lokalisering av slamavskiljar, tett tank, tømmeplass, kummer (pumpekum, fordelingskum, inspeksjonskum, prøvetakingskum), minireinseanlegg, infiltrasjonsareal, brønnar (spesifiser type), eventuelle vesentlige avstandar.

Dokumentasjon av grunnforhold:

 

Krevjast ved søknad om løyve til etablering av infiltrasjonsanlegg/sandfilteranlegg. Denne dokumentasjonen skal utarbeidast  av nøytral fagkyndig med nødvendig kompetanse for denne typen grunnundersøkingar.

Dokumentasjonen skal innehalde:

  • Jordprofil og jordanalyse for kvart prøvepunkt
  • Jordanalyse og kornfordelingsanalyse inkludert siktekurver, sorteringsgrad, middelkornstorleik  for aktuelle prøvepunkt, utrekning av nødvendig infiltrasjonsareal
  • Eventuelt infiltrasjonstest
  • Beskriving  av lausmassane sin hydrauliske kapasitet og om dei er eigna  som reinsemedium, og vurdering av risiko for forureining (brønnar, badeplass, rekreasjonsområde, vegrøft)
  • Beskriving av terrenget i området, helningsgrad og –retning, vurdering av hydrogeologiske forhold som strømningsretning for infiltrerte vassmasser, fjellformasjonar i grunnen, avstand til grunnvatn, etc.
  • Påteikning i kart av strømningsretning for infiltrert vatn i grunnen merka med piler, helningsretning og –grad i terreng, registrert fjell i dagen, nummererte undersøkte lokaliteter, etc.
  • Beskriving  korleis anlegget skal støtbelastast (alle anlegg med fleire enn to grøfter/infiltrasjonsrør må støtbelastast), utforming og plassering av peilerør som blir brukt for å kontrollere om det står vatn i fordelingslaget
  • Beskriving av kva som er nødvendig av tilsyn og kontroll for å sikre stabil og sikker drift av det prosjekterte anlegget

Oversikt over interesser som blir berørt:

 

For eksempel vassforsyning, brønnar, jordvatning, næringsverksemd, bading, rekreasjon etc.).Dokumentet bør også innehalde ein tekst med beskriving av tiltak for å motverke interessekonfliktar og tiltak for å ivareta helse og miljø.

Kopi av signerte avtaler:

 

For eksempel avtaler om løyve:  til tilkobling til annan eigedom sin utsleppsledning, eller føring av avløpsledning over annen eigedom. Slike avtaler bør innehalde ei fordeling av ansvar for vedlikehold og reparasjoner på felles anlegg. Vang kommune vil tilrå at slike avtaler blir tinglyst.  Dette kan også vera  avtaler om tilsyn og vedlikehald på avløpsrenseanlegg.

NB! Ved søknad om etablering av minirenseanlegg blir det kravd dokumentasjon for inngått serviceavtale for renseanlegget.

Kvittering på varsling av naboer:

 

Etablering av avløpsrenseanlegg skal i henhold til forurensningsforskriftens § 12-4, 2. ledd nabovarslast  med ein svarfrist på 4 veker  (ikkje 2 veker som det er etter plan- og bygningslova). Søknaden vil ikkje bli behandla av kommunen før fristen for å komme med merknader er utgått.

Ettersending av vedlegg:

 

Dersom du ønsker å ettersende eventuelle vedlegg må du påføre gards- og bruksnummer.

Ettersending av vedlegg kan gjerast på epost til post@vang.kommune.no eller per post.

Opningstider

Måndag - fredag
08:30 - 15:30

Romjul: 10:00 - 14:00

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres