Innmålingsinstruksen gjeld alle kommunale og private vatn- og avløpsanlegg der kommunen skal motta innmålingsdata. Føremålet er å oppretthalde eit oppdatert leidningskartverk med tilstrekkeleg nøyaktigheit. Instruksen må være oppfylt før vatn og avløpsanlegg kan overtakast. Innmålingsinstruksen med vedlegg set krav til korleis innmåling av vatn- og avløpsanlegg med tilhøyrande konstruksjonar skal utførast.
Rettleiing
- Vedlegg A i "Innmålingsinstruks vann og avløp" skildrar kva som skal registrerast i ei innmålingsfil, og kva som er gyldige verdiar for desse felta.
- Vedlegg B skildrar kva som skal leverast til Vang kommune digitalt.
- Vedlegg C viser mal for kumkort
Innmålingsinnstruks med vedlegg
Ved å klikke på lenkene over kjem du til sjølve innmålingsinstruksen som inkluderer vedlegg A (Spesifikasjon innmålingsfil), vedlegg B og C.