Melde feil på vatnet

Vakttelefonen handterer akutte hendingar på det kommunale vatn- og avløpsnettet som vasslekkasje, kloakklekkasje, tilstopping av kloakkleidningar m.m.

Vakttelefonen er open heie døgnet, men utanom ordinær arbeidstid er vaktordninga basert på frivillig utrykking.

Telefonnummeret er: 95 30 36 08.

Oppfattas det ikkje som akutt kan det tas kontakt med Avd.ingeniør vatn- og avløp på dagtid: henrik.holen@vang.kommune.no  (61 36 94 80)

Vang kommune informerer via kommunens heimeside, media og varslar på telefon (sms)  til innbyggarane når det er avvik på vasskvalitet, stopp i vassforsyning eller andre hendingar vi meine det er viktig å varsle om.

 

Fryst vatn

Problem med vassforsyninga - vatnet frosset?

Kaldt vær kan skape store problem for huseigarar når vassleidninga fryser.
Her er nokre enkle tips for å unngå dette - og litt om kva du må gjere dersom leidningane allereie er frosen.
 

Kontaktinfo

Vakttelefon vatn og avløp
E-post
Telefon 953 03 608