Privat vassforsyning

Enkeltvassforsyning (leverar drikkevatn til ein enkelt bustad eller fritidsbustad)

Er du eigar av ei enkeltvassforsyning er du sjølv ansvarleg for at drikkevatnet er helsemessig trygt, klart og utan framtredande lukt, smak og farge. Vang kommune har avtale med Valdreslab AS, der kan du få sendt inn vassprøver. Prøveflasker kan du hente på kommunehuset i Vang. Prøveflaska kan du levere på kommunehuset til avtalt tid, eller direkte til Valdreslab AS etter avtale.

Telefon Valdreslab: 61 34 16 20

For vurdering av prøveresultata anbefaler vi å ta utgangspunkt i grenseverdiane i drikkevannsforskriften.

Drikkevannsforskriften

Vassforsyningssystem (system som ikkje er enkeltvassforsyning)

Nye vassforsyningssystem skal registrerast før byggestart. Dette kan utløyse krav om plangodkjenning i samsvar med drikkevassforskrifta § 18.

Fyljande opplysningar skal registrerast:

a. Vassforsyningssystemet sitt namn.

b. Vassverkseigar sitt namn og adresse.

c. Vassforsyningssystemet sitt organisasjonsnummer i samsvar med enhetsregisterloven, eller fødselsdatoen til vassverkseigaren dersom vassforsyningssystemet ikkje har et organisasjonsnummer.

d. Mengde vatn vassforsyningssystemet er dimensjonert for å produsere og antal abonnentar.

e. Type vasskjelde.

f. Koordinatene til inntakspunkt i alle råvasskjelde, inkludert brønnar, som inngår i vassforsyningssystemet.

g. Type vassbehandling som vert nytta.

Vassverkseigaren skal sikre at dei registrerte opplysningane er oppdaterte. Endringar i bokstav d kan utløyse krav om plangodkjenning i samsvar med § 18.

Vassverkseigaren skal registrere vassforsyningssystemet på skjema fastsatt av Mattilsynet.

Mattilsynet: Registrering av små vassforsynigssystem

Ta kontakt med mattilsynet på telefon: 22 40 00 00 eller epost: postmottak@mattilsynet.no

Opningstider

Måndag–fredag
08:30–15:30

Påska 2024:
Måndag 08:30–15:30
Tysdag 08:30–15:30
Onsdag 08:30–12:00
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres