Søknadsplikige tiltak

Nokre tiltak kan du søke om sjølv, medan større tiltak krev at ansvarlege føretak søkar for deg.  Skjema for søknadar finn du hjå DiBK

 

Søknadspliktige tiltak du kan søke om sjølv (jf. pbl § 20-4):

Les meir om tiltak du sjølv kan søke om på Lovdata og Byggesaksforskriften

 

•Søknadspliktige tiltak som godkjende føretak må søke om (jf. pbl § 20-3):

Tiltak med ansvarsrett krev at godkjende føretak søkar for deg. Du får då rolle som tiltakshavar – eigar av prosjektet, men andre søkar på vegne av deg. Godkjende føretak har anten sentral godkjenning eller erklærer på eige skjema at dei oppfyller vilkåra for ei slik godkjenning. Føretaka får ansvarsrett i tiltaket når erklæring er sendt kommunen.

 

•Søknaden skal innehalde:

Søknad om tiltak skal minst innehalde godkjend søknad med vedlegg. Vang kommune rår til at det blir nytta skjema frå DiBK sine sider. På søknadsskjemaet går det fram kva slags vedlegg som skal vere med. Ta kontakt med teknisk etat for naboliste og godkjend situasjonsplan. Situasjonsplan kan ein og finne i kommunen si kartløysing. Teikningsgrunnlaget må vere utførd i målestokk og målsett med relevante mål (døme: møne- og gesimshøgde, eksisterande- og planert terrenghøgde, målsette planteikningar).

Vang kommune har en byggeskikksrettleiar (PDF, 3 MB), som er vedteken skal vere retningsgjevande for all bygging i Vang 

For søknad om utsleppsløyve eller tilkopling til kommunalt nett
 

•Saksprosessen:

Løyve vert anten gjeve som ramme- eller eitt-trinnsløyve. Ved rammeløyve må ein ha innvilga igangsettingsløyve før arbeidet kan starte. Før tiltaket kan takast i bruk, må ein anten få innvilga midlertidig bruksløyve eller ferdigattest. Ved ferdigattest vert saka avslutta hjå kommunen.

 

•Nabovarsling:
Når naboen skal bygge, har du krav på varsling. Varslinga skal innehalde relevant informasjon slik at du får høve til å uttale deg om saka. Om du kjem med merknad til nabovarslet, skal tiltakshavar / ansvarleg søkar legge denne ved søknad om løyve med kommentar. Du vil då få tilsendt vedtak i saka, som du har høve til å klage på
 
•Tiltak som ikkje er i tråd med planar eller anna lovverk:

Tiltak som ikkje er i tråd med planar eller anna lovverk krev dispensasjon etter PBL § 19-2. Dette må avklarast før eit løyve kan gjevast, sjå dispensasjonar
 

Artikkelliste

Opningstider

Måndag–fredag
08:30–15:30

Påska 2024:
Måndag 08:30–15:30
Tysdag 08:30–15:30
Onsdag 08:30–12:00
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres