Dispensasjon

Om du ynskjer å bygge, rive eller endre noko som er i strid med lover, reglar eller plan for din eigedom, må du søke dispensasjon etter plan- og bygningslovas § 19.

Når kan kommunen gje dispensasjon?
Kommunen kan vurdere å gje dispensasjon dersom omsynet bak føresegna det vert dispensert frå, ikkje vert sett vesentleg til side. I tillegg skal fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Kommunen kan setje vilkår for dispensasjonen, og kan vere tidsgrensa eller permanent.

 

Dispensasjonssøknad

Søknad om dispensasjon kan anten fremmast som eigen søknad, eller saman med søknad om løyve til tiltak. Søknaden skal grunngjeva kvifor det er grunnlag for dispensasjon, jf. punktet ovanfor. Argument som personlege høve slik som ynskje om større plass, sjukdom eller liknande vil vanlegvis ikkje vere grunn nok. Fordelane bør knytast til offentlege omsyn.

 

Gebyr

Gebyr for behandling av søknader finn du på framsida under “Betalingssatsar”

Kontaktinfo

Synnøve Sørum Falkendal
Byggjesaksbehandlar
Telefon 90 80 37 45

Arbeider med saksbehandling av byggesøknader, rettleiing og oppfølging av byggjesaker etter gjeldande lover og reglar.

Emilie Aaen
Saksbehandlar bygg og tilsyn
Telefon 41 87 63 49

Arbeider med saksbehandling av byggesøknader, rettleiing, tilsyn og ulovlegheitsoppfølging etter gjeldande lover og reglar.

Opningstider

09.00-11.30 ope
11.30-12.00 stengt for lunsjavvikling
12.00-15.00 ope
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres