Reguleringsplan

Reguleringsplanar for områdar finn du i kartgrunnlaget

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen fastset korleis området kan brukast og kva som kan bygges der. Planen består av eit kart med reguleringsbestemmingar.
Reguleringsbestemmingane gir konkrete føringar for kva som kan gjerast på ein eigedom. Dei gir informasjon om kva formål eigedommen har, for eksempel, bolig, fritidsbolig, friområde eller veg, og kor høgt og stort du kan byggje. Hvis du planlegg å byggje på ein eiendom, må du undersøke kva reguleringsplan som gjeld for eigedommen.
Det finnes to typer reguleringsplanar:

  • Områderegulering
  • Detaljregulering

Områderegulering:

Områderegulering utarbeides i hovudsak av kommunen der det er behov for meir detaljerte avklaringar av arealbruken enn det som går frem av kommuneplanen sin arealdel.

Detaljreguleringsplan:

Ein detaljreguleringsplan angir bruk, vern og utforming av bestemte areal i kommunen. Ein reguleringsplan består av plankart og bestemmelser (dei er juridisk bindende), samt oftest beskrivelse, VA-plan, risiko- og sårbarheitsanalyse, og eventuelt andre temadokument. Dei areala kor det kan utarbeides reguleringsplan er i hovudsak avsatt i kommuneplanen sin arealdel. Som oftast er det stilt krav i kommuneplanen sin arealdel om at områder må reguleres før utbyggjing kan starte.
Både kommunen og private kan utarbeide forslag til detaljreguleringsplanar. Hvis du vil lage en privat reguleringsplan må du kontakte ein fagkyndig for å få hjelp til dette. Alle typer reguleringsplanar må til slutt vedtakast av kommunestyret før dei er gyldige
 

Kontaktinfo

Magnus Lajord
Arealplanleggjar
E-post
Telefon 94 88 49 72

Opningstider

Måndag–fredag
08:30–15:30

Påska 2024:
Måndag 08:30–15:30
Tysdag 08:30–15:30
Onsdag 08:30–12:00
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres