Vang barne- og ungdomsskule

Jan Egil Jægersborg

Vang barne- og ungdomsskule vart opprinneleg bygd og teke i bruk i 1972. Etter ein stor brann i 1981 måtte store delar av skulen byggjast opp på nytt. Skulen gjenopna hausten 1982. Frå slutten av 90-talet og fram til litt utpå 2000-talet vart skulen utvida med nokre fleire undervisningsrom, betre arbeidsplassar for lærarar og auditoriumsbygg.

Etter kommunestyrevedtak i 2012 om samling av alle elevar i Vang kommune på VBU, vart ei storstilt ombygging og påbygging i perioden 2014-2017 gjennomført. I denne ombygginga vart alle klasserom kraftig renovert, fleirbrukshall med teleskoptribune og klatrevegg vart bygd, i tillegg til terapibasseng, nye spesialrom, nye kontorarbeidsplassar for tilsette, eigne lokale for kulturskule og ungdomsklubb.

Jan Egil Jægersborg

Skulen framstår i dag som ein topp moderne opplæringarena med alle fasilitetar. Alle klasserom har digitale tavler og elevane frå 5.-10. klasse har eigen datamaskin. Det er også god dekning av datamaskiner for elevar frå 1.-4. klasse. Hovudmålet ved skulen er nynorsk.

Skulen er organisert med ei klasse for kvart årssteg frå 1. -10. klasse. Skuleleiinga består av rektor og undervisningsinspektør. Kontoret har merkantil i 50% stilling. Lærarane er organisert i tre bolkar med kvar sin bolkleiar: småskule-bolken, mellomtrinn-bolken og ungdomstrinn-bolken. Dei tre bolkleiarane utgjer skulen si plangruppe saman med rektor og undervisningsinspektør.

På VBU jobbar vi etter tankesettet SMART-oppvekst som er ein annerkjennande grunnhaldning med fokus på styrker, kombinert med systematisk trening på sosial kompetanse. Smart-oppvekst tek utgangspunkt i 20 karakteregenskapar, som hjelper barn og unge å forløyse deira enorme potensial.

Kontaktinfo

Ola Erik Heen Moe
Rektor
E-post
Mobil 91 16 17 41
Agata Gniewek Bøe
Inspektør
E-post
Mobil 93 25 32 90

Opningstider

 SFO

Før skulen:
frå kl. 07.15 fram til skulestart kl. 09.00
Etter skulen:
til kl. 16.30

Adresse

Vang barne- og ungdomsskule
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres
905 72 136