Vang barne- og ungdomsskule brukar Visma Flyt Skole (VFS) som læringsplattform. Elevar og føresette kan logge inn og få oversikt over planar, vurderingar, fråvær , samtykke, merknadar og meldingar til og frå skulen eks. melde fråvær, søke permisjonar, beskjedar til foreldre frå skulen.
Både elevar og føresette loggar inn på Visma Flyt Skole https://skole.visma.com/vang. Elevane får tildelt brukarnamn og passord på skulen, føresette brukar ID-porten, ein kan og bruke appen Min Skole. Både i appen og via nettadressa kan føresette sende melding til kontaktlærar/faglærar eller andre ansatte på skulen, hugs å ikkje sende sensitive personopplysningar, ein kan og svare på meldingar sendt fra skulen.
Slik lastar du ned appen:
Last ned appen frå App Store/Google Play: Min skole -foresatt.
Sist endra 24.08.2022 11.38