Alminneleg skjenkeløyve

Personar eller verksemder som ønsker å drive ein serveringsstad som skjenker alkoholhaldig drikk, må søkje om skjenkeløyve. Skjenkeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen.

Endringar i løyva skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar skal ein melde frå om til løyvemyndigheita. Større endringar kan føre til krav om nytt løyve. 

Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Skjenkeløyvet kan ikkje bli gitt åleine, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Løyvesøkaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar som er knytta til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova (og serveringslova).

Når søknaden er teken imot, blir det innhenta uttale frå politiet og Nav.

Vedlegg til søknaden

  • Firmaattest frå Brønnøysundregistrene
  • Skatteattest for selskapet som søkjer om skjenkeløyve
  • Målsatt teikning/skisse som viser skjenkeområda innandørs og utandørs
  • Dokumentasjon på at styrar og nestansvarleg har bestått kunnskapsprøve for skjenkeløyve
  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve for daglig leiar av staden

Handsamingstid

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.