Serveringsløyve

Verksemder som drive serveringsstad må ha serveringsløyve. Løyveplikta gjeld alle serveringsstader der det ligg til rette for at mat og/eller drikke vert ete eller drukke i, eller like utanfor serveringslokalet. Eksemplar på serveringsstad er restaurantar, kafèar, gatekjøkken, pubar, matvognar og bensinstasjonar.

Kravet til serveringsløyve gjeld både innandørs og utandørs servering, og også sjølvbeteningsservering.

Dersom verksemda er av sporadisk karakter skal du ikkje ha serveringsløyve. Eksemplar på verksemd av sporadisk karakter er sal av vaflar på skulekorpsets loppemarknad eller basaren til idrettslaget.