Næring i Vang kommune

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete Vang kommune har næringsutvikling som særskilt satsingsområde.
Strategiane for næringsutvikling er innarbeidde i kommuneplanen for Vang.

Visjon:

- Vang kommune skal vera ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod og aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfald og samarbeid står i fokus.

Innbyggjarar og tilreisande skal oppleve trivsel og ei kjensle av å høyre til. Vi skal vera aktive i høve til endringar i samfunnet, ta grep om eiga utvikling og ha tru på framtida.
 

Vang kommune skal prioritere arbeidet med næringsutvikling, med særleg vekt på:

- Variert og konkurransedyktig næringsliv

- Vidareutvikling av reiselivsnæringa

- Knoppskyting av eksisterande bedrifter og nyetablering
- samarbeid mellom landbruk og reiseliv

- Vidareutvikling av anna næringsliv- kompetansearbeidsplassar

- Etablering av eigen arbeidsplass- entreprenørskap

- Å få utdanna arbeidstakarar attende til Vang