Næringsutvikling i Vang.

Vang satsar offensivt  på næringslivet i Vang og næringsutviklinga i kommunen er sett bort til samvirkeføretaket Innovangsjon: www.vangivaldres.no

Vang har lange tradisjonar innanfor jordbruk, handverk og reiseliv – med mange solide bedriftar og spenstige satsingar dei siste åra. I tillegg satsar ein knallhardt på teknologi og kultur i gründerkommunen Vang. 

I Innovangsjon jobbar næringsutviklar Dag Inge Bruflot i full stilling for å skape vekst i eksisterande bedrifter og vellukka etableringar av nye bedrifter i Vang. Ta kontakt på dagen om du har ein artig idé du vil få sett ut i livet, så får du den beste oppfølginga mot realisering av ideen.

Ved sidan av råd og rettleiing om bedrift og søknader har han eit solid kontaktnett mot Vang kommune, Valdres NæringshageInnovasjon NorgeValdres Natur og Kulturpark og eksisterande næringsliv i både Vang, Valdres og verda ellers. 

Vang kommune har også næringsstipend og næringsfond for å hjelpe bedrifter og enkeltpersonforetak opp og fram, ved sidan av investeringsstøtte til dei som satsar innan landbruket.

Kontaktinfo

Dag Inge Bruflot
Næringsutviklar
E-post
Mobil 958 73 757

Adresse

Innovangsjon SA

Tyinvegen 5151

2975 Vang i Valdres