Vinteren 2015 oppretta Vang kommune eit eige næringsstipend på 10.000 kroner til gründarar i bygda.
I det du startar opp bedrift, ta gjerne kontakt med Dag Inge før du sender søknaden. Kanskje kan ein saman finne fleire stader å søkje om støtte.
Elles gjeld dette:
• Søkjar lyt vera folkeregistrert i Vang kommune.
• Det lyt leggjast ved dokumentasjon på at føretaket er starta opp.
• Det vert kun utbetalt stipend til fyrstegongsoppstart av næringsverksemd.
• Formannskapet behandlar søknader om tilskot. Kommunedirektøren har fullmakt til å vurdere om vilkår for utbetaling av tilskot ligg føre.
Her finn du søknadsskjema for næringsstipendet. (PDF, 40 kB) Saksframlegg og vedtak frå kommunestyret, ligg her.
Sist endra 02.05.2022 10.45