Skotpremie i Vang kommune

Ny ordning angåande kontroll av skotpremie frå 1. juli:
 

Lensmannskontoret i Vang har sagt opp avtalen om kontroll av dyr/fuglar som kan gje utbetaling av skotpremien. Frå 1. juli  vil det vera landbrukskontoret som tek kontrollen på dagtid medan Ivar Jonny Søndrol kan utføre kontroll etter arbeidstid, etter avtale.  Han er å treffe på tlf 975 23 408.

På kontroll skal ein ha med enten heile dyr eller bundet saman 2 føter på fuglar, eller 4 føter på dyr. Desse blir merka med spraymåling.

Det er ikkje skotpremie på grevling.

Vang kommune utbetalar skotpremie på følgjande artar:

 

Skotpremie
Art: Skotpremie i Vang kommune: Jakttider:
Kråke kr 50 15. juni til 31. mars
Ravn kr 50 10. august til 28/29. februar
Skjære kr. 50 10. august til 28/29. februar
Røyskatt kr. 250 21. august til 15. mars
Mink kr. 250 1. april til 31. mars
Mår kr. 250 1. november til 15. mars
Rev kr. 400 15. juni til 15. april

 

Presisering:

- Jegeren må ha avtaler med grunneigar/ sameige om jakting på eigedomen

- Heile dyr/ fugl skal kontrollerast av Vang lensmannskontor

- Der vil det bli merka og registrert og liste vil bli levert til Vang kommune som står for utbetalingane

- Jegeren har ansvaret for å ta med seg viltet i retur. Jegeren må enten grave det ned eller leggje det i utmark, langt frå bustadtområder og dyrka mark.