Retningsliner for behandling av søknader om frådeling

Vang kommune arbeider aktivt med å nå målsetnadene i kommuneplanen. Auka busetnad er eit viktig mål. Kommunen arbeider med å nå dette målet frå fleire hold. Eit viktig element i dette er dei nye retningslinene for saksbehandling av søknadar om frådeling. Desse retningslinene vart vedtake i kommunestyret den 15.12.2017 (sak 065/17). Målet med retningslinene er at dei skal bidra til å få gardar som står tomme ut på sal.

Kommunen veit at det er mange som står på lista til Innovangsjon over folk som ynskjer å kome til Vang og busetje seg på ein gard. Samstundes veit ein at å selje ein gard kan vere vanskeleg, om anna fordi det er mange kjensler knytt til garden. Samstundes er det ynskjeleg at det er busetnad og drift på alle gardane. Dei nye retningslinene tek for seg korleis ein skal gå fram dersom ein eigar av ein gard ynskjer å dele frå noko av den, for så å selje garden.

Hovudregelen er at gardane skal vere som dei er, og overdragast eller leggjast ut for sal slik dei er. Dersom det er einaste mogelegheita for å få fast busetnad og ny næring på garden, kan søknadar om frådeling bli behandla av kommunen. Kravet for å få søknaden behandla er at garden så skal bli selt.

Retningslinene skal sikre god og grundig behandling av desse søknadane. Retningslinene set òg krav til kva søknaden skal innehalde. Til dømes skal personleg leigekontrakt på stølshus til seljar, frådeling av hytte- eller bustadtomt til seljar eller frådeling av anna bygg knytt til stølen vere vurdert før søknad om frådeling av stølshuset kan bli behandla. Sjå elles punkt I. i retningslinene. 

Igjennom arbeidet til Innovangsjon og prosjektet «Huga på gard» veit kommunen at det er ein marknad for gardsbruk. Difor ynskjer kommunen at gardane skal kome – så heile som mogeleg – ut på marknaden. Dette sikrar aktive bruk og lys i alle glas. Ein søknad om frådeling av gardens tun, jord og/eller skog vil ikkje bli behandla før seljar kan dokumentere at det ikkje er interesse for å kjøpe garden. Ved ein slik søknad om frådeling må seljar synleggjere at garden har lege samla ute for sal på den opne marknaden – til ein samfunnsmessig forsvarleg pris. Eventuelle bod skal også dokumenterast. Sjå elles punkt II. i retningslinene.