Psykisk helsearbeid- og rusomsorg

Har du utfordringar rundt relasjonar/familie, psykisk helse eller alkohol/ rus?

Eller kanskje har du ein ven eller eit familiemedlem du er bekymra for? Har du opplevd vold, noko traumatisk, eller grublar på noko anna som hemmar deg i dine daglege gjeremål?

Psykiske utfordringar kan vera så mangt, men alle menneskjer opplever slike utfordringar i løpet av livet, tankar og følelsar, som gjer livet vanskeleg.

Vi i psykisk helseteneste ynskjer å bidra til betre psykisk helse hos alle som er busette i kommunen. Tenesten er gratis  og du trenger ikkje henvisning. Vi kan gje tilbod om rådgjeving, samtaler, parsamtaler og nettverksmøter. Saman med deg skal vi prøve å finne gode verktøy, som kan betre kvardagen din og styrke sjølvfølelsen. Samtala blir tilpassa etter kva som er viktig for deg.

Psykisk helseteneste har ansvar for å drive opplysningsarbeid og motarbeide blant anna diskriminering og stigmatisering.

Har arbeidsplassen din behov for veiledning i sakar som har med psykisk helse og psykiske belastningar å gjere, kan du kontakte oss.

Psykisk helseteneste

Kontaktinfo

Seija Johanna Kumpula
E-post
Telefon 61 36 95 12
Mobil 903 62 507
Suvi Satta
E-post
Telefon 61 36 95 13
Mobil 474 63 943
Anne Mette Thunshelle Opdal
E-post
Telefon 61 36 95 14
Mobil 906 64 723

Åpningstider

Måndag - torsdag kl. 8.00 - 15.30

Fredag - stengt

Adresse

Vangstunet

Tyinvegen 5151
2975 VANG I VALDRES