Opplæringsdag for råd

Onsdag 21. februar var medlemmane i eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonevne og ungdomsrådet samla til ein felles opplæringsdag på kommunehuset. 

I følgje kommunelova skal alle kommunar ha eldreråd, råd for menneske med nedsett funksjonevne og ungdomsråd. Råda har rett til å uttale seg i saker som gjeld høvesvis eldre, personar med nedsett funksjonsevne og ungdom. Råda representerer grupper i befolkninga som ofte er underrepresenterte blant politikarar og er såleis eit viktig talerøyr for desse gruppene.

Medlemmane i råda er valde av kommunestyret, og er å ansjå som folkevalde med tilsvarande rettigheiter og plikter.

Råda fekk ein presentasjon av alle etatane i kommunen og deira ansvarsområde. Deretter fortalde kommunedirektør Erlend Haaverstad blant anna om sakshandsaming og rolla til råda.  Råda er rådgjevande organ som gjev innspel og tilrådingar til kommunestyret. Råda kan og ta opp saker på eige initiativ.

Eldrerådet

Eldrerådet i Vang kommune har sju medlemmar som er valde for fire år.  Fleirtalet av medlemmane i eldrerådet skal ha fylt 60 år på valtidspunktet. Berit Nefstad er leiar og Kari Bø wangensteen er nestleiar for eldrerådet i Vang kommune. 

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har fem medlemmar som er valde for fire år. Derk Stegwee er leiar og Kristin Venås er nestleiar.

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet i Vang kommune har sju medlemmar som er valde for to år. Medlemmane i ungdomsrådet skal ikkje vere fylt 19 år på valtidspunktet. 

Leiar for ungdsområdet i Vang er Amalie Skar-Winje, Thea Nickelsen er nestleiar.

Administrasjonen i Vang kommune håpar på eit godt samarbeid med råda i tida framover.  På nettsida Møteplan og politisk organisering finn du møteplan og informasjon om kven som sit i dei ulike råda. 

Møteplan og politisk organisering