Kommunedelplan Tyinkrysset - mindre endring

Kommunestyret har i møte 11.05.2023 vedteke å leggje Kommunedelplan Tyinkrysset med planID: 2015003-2 (sak 037/23) ut til høyring og offentleg ettersyn jf. pbl. §§ 5-2 og 11-17. Føremålet med planendringa er å regulere om nokre bustadtomter på Høgeset, regulere kombinert masselagring og parkering ved Børrenøse og ei mindre utviding av føremål bebyggelse og anlegg ved Filefjellstuene. 

Merknader til planforslaget sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller pr. e-post: post@vang.kommune.no. Merkast med saksnr. 23/309. Frist for å koma med merknad er sett til måndag 05.06.2023.

Spørsmål til planendringa kan rettast til Magnus Lajord på e-post magnus@vang.kommune.no, eller per telefon 97541286.

Vedlegg:

1_Saksframlegg kdpl Tyinkrysset - endring etter pbl. § 11-17 (PDF, 2 MB)

2_2015003_Føresegn_høyring_110523 (PDF, 883 kB)

KS 027 22 Kommunale bustadtomter Tyinkrysset (L)(412108) (PDF, 2 MB)

KS 073 22 Kommunale bustadtomter Tyinkrysset (L)(428874) (PDF, 972 kB)

KS 099 22 Kommunale bustadtomter Høgeseth (L)(434532) (PDF, 903 kB)