Høyring: Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Det er utarbeidd eit forslag til lokal forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Frist for å sende innspel er 18. april 2024.

Den nye forskrifta vil gjelde for kommunane Sør-Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang. 

Forslaget til ny forskrift fører ikkje til endring i praksis eller prisar, men er ei formalisering av eksisterande praksis.

Du kan sende dine innspel til post@valdresbrannvesen.no innan 18. april 2024. 

Etter høyringsfristen skal forskrifta handsamast i dei folkevalde organa i Valdreskommunane. 

Merk at uttaler som hovudregel er offentlege etter offentleglova.

Les høyringsbrev

Les forslag til forskrift