Velkomen til Vang

Er du ny i Vang, nysgjerrig på Vang, eller allereie busett i Vang?

For å bu og trivast i Vang er det mange faktorar som skal vere på plass, som jobb, bustad og eit sosialt nettverk. Kommunen sitt nyetablerte bulystteam vil hjelpe deg med nettopp dette! Målet for teamet er at fleire flytter til Vang, at dei unge som veks opp her ønskjer å flytte heim, og at dei som allereie bur her har det bra.

Det skjer allereie utruleg mykje bra i Vang. Bulystteamet har som oppgåve å kartlegge tidlegare og eksisterande bulysttiltak, avdekke behov og prioritere nye tiltak, og koordinere bulystarbeid i Vang i samarbeid med både næringsliv, organisasjonsliv og eldsjeler. 

Kontakt bulystteamet

Du kan kontakte teamet om du har spørsmål eller innspel om arbeid, bustad eller sosiale nettverk og fritidsaktivitetar i Vang, så vil vi hjelpe deg så godt vi kan:

Marte Tangen, dagleg leiar på Frivilligsentralen, skal sørge for godt samspel med foreiningslivet og dei flotte tilboda som frivillige lag allereie skapar i Vang.

Erling Oppheim, næringsrådgivar, har overblikk over arbeidsmarknaden og bustadsituasjonen i Vang.

Solfrid Jordalen Jægersborg, HR-leiar i kommunen, har oversikt over ledige jobbar i kommunen og tiltak som kan gjennomførast på arbeidsplassen.

Marta Bjørnøy Lalim, kommunalsjef for utdanning og kultur, har overblikk over kulturlivet og skule/barnehage, som er viktige delar av satsinga.

Anastasia Glæsel, programrådgivar på læringssenter, som speler ei viktig rolle i arbeidet med utdanning og inkludering av flyktningane som blir busett i Vang.

f.v. Marte Tangen, Marta Bjørnøy Lalim, Solfrid Jordalen, Erling Oppheim

Kvifor bu i Vang?

Det er mange gode grunnar til å bu i Vang! Her er eit lite utval:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca 200 elever. Nyrenovert med den nye fleirbrukshallen Vangshallen, med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns- og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr.
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet.
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år.
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, Kontorfellesskapet 1724 og Synshagen Næringspark Gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar.
  • I Vang står lag og foreiningar sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak. Du finn alt om foreningsliv og fritidstilbod i Vang Foreningsportal
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, gründarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling.
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang finn du på VangiValdres
  • Meir info om arbeids- og bustadsmarknaden Valdres finn du på VelgValdres