Vang kulturskule

Vil du søkje plass i kulturskulen, sjå boksane/undermenyane over. Der finn du også reglementet for kulturskulen. Nedanfor finn du informasjon om fag, betaling og anna.

Tida for for å søkje nye fag for neste skuleår er frå 1. april til 15. mai. For å halde fram på eit fag du allereie går på, treng du ikkje gjere noko. Om du ønskjer å avslutte eit fag du går på i år, må du melde deg av innan 15. mai.

Omtale av dei einskilde faga finn du inne i søkjeportalen.

Vang kulturskule starta i 1986 som musikkskule, med Gunnar Baden som rektor. Etter kvart vart tilbodet utvida med dans, teater, biletkunst og ulike former for handverk, og namnet vart endra til Vang kulturskule.

I 2017 flytta kulturskulen inn i nye og flotte lokale på VBU. Lokala er i sambruk med grunnskulen og ligg ved Vangshallen.

Kulturskulen ønskjer å vere eit ressurssenter for kultur for alle innbyggjarar i Vang kommune. Det gjer vi både gjennom samarbeid på tvers av tenester, gjennom tilboda våre til innbyggjarane og ved å vere behjelpelege når det trengst utstyr og kompetanse.

Innan musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingane vi har til folkemusikken, samstundes som vi tek vare på både det klassiske og det rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer også å gi tilbod innan dans, teater og visuell kunst. Kulturskulen har òg som mål å bidra med dirigenttenester til kor og korps i kommunen.

Skulen er først og fremst eit tilbod til barn og unge i skulealder, men vaksne kan også få plass. Vanleg undervisning på instrument (eineundervisning) er 20 minutt kvar veke. Dersom ein ønskjer å fordjupe seg litt ekstra, kan ein søkje om 40 minutt. Gruppeundervisning kan variere frå 35 til 90 minutt.

Undervisninga i kulturskulen følgjer skuleruta.

 

 

Kontaktinfo

Gudbrand Silvet Heiene
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 41 33 54 96

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres