Salsløyve for alkohol

Driv du butikk og skal selge alkoholholdig drikk må du søke kommunen om løyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjoner, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Løyve blir gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknadsskjemaet må du gi opplysninger om staden, om eigarforholdet og om kven som skal være styrar og nestansvarleg.

Alle søknadane vert handsama etter alkohollova

Krav til søkar

Løyvesøkar og personar med vesentleg innverknad på verksemnda må ha uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med nestansvarleg.  Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemnda og oppfylle krava som alkohollova stiller.

Vedlegg til søknaden

  • Firmaattest frå Brønnøysundregistrene
  • Skatteattest for selskapet som søkjer om salsløyve
  • Planteikningar over arealet og funksjonane i lokale
  • Dokumentasjon på at styrar og nestansvarleg har bestått kunnskapsprøve for salsløyve

Du plikter å melde frå til kommunen dersom det skjer endringer i løyveperioda, til dømes:

  • skifte av styrar og nestansvarleg
  • endring av driftskonsept
  • endring av eigarforhold

Kommunen kan då enten godkjenne endringane eller krevje at du søker om nytt salsløyve.