Sal av tobakk

Alle verksemder som sel tobakk er pliktige til å registrera seg i Tobakkssalsregisteret. Sal av tobakksvarer eller tobakkssurrogater på stadar utan registrering er ulovleg. Det gjeld òg sal av e-sigarettar, gjennoppfyllingsbehaldarar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogat. 

Det kostar ikkje noko å registrera seg i registeret, men alle registrerte verksemder må betala eit årleg tilsynsgebyr.
Tobakkssalgsregisteret er offentleg, som inneber at alle kan søkja i registeret.

Registrer deg i tobakkssalsregisteret

Du finn meir informasjon om sal av tobakk på Helsedirektoratet sine sider.

Forskrift om registrerings- og løyveordning for tobakkssvarar

Kommunen skal føra tilsyn med registrerte salsstader av tobakkssvarar og tobakkssurrogat. Vang kommune har per i dag avtale med Trygg 24 for sals- og skjenkjekontrollar for alkohol, dei fører òg tilsyn med sal av tobakkssvarer ved kontroll av desse stadane.