Kunnskapsprøva - alkohollova

Styrarar og nestansvarleg for sals- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du består kunnskapsprøva. Løyvemyndigheita skal halde prøva innan to månader etter at det har teke imot melding om at du ønskjer å ta prøva.

Kunnskapspøva kan takast etter avtale med sentralbordet i Vang kommune, post@vang.kommune.no 

Ta med gyldig legitimasjon: pass, førarkort eller bankkort med bilde blir godteke.

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve med eit tilfeldig utval av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vere rette.

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve

Pris

Før du tar prøva, må du betale inn eit gebyr på kr 400,-. Prøva kan du ta fleire gonger dersom du ikkje består. Du må betale gebyr for kvar gong.

Pensum

Vinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til "test deg selv"-prøver. Det blir anbefalt at deltakarane set seg inn i pensumet på førehand.