Etablerarprøve for serveringsverksemd

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha bestått etablererprøva.

Etablerarprøva skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøva innan to månader etter at du har meldt ifrå om at du ønskjer å ta prøva.

Gjennomføring av prøva

Etablererprøva kan takast etter avtale med sentralbordet i Vang kommune,  post@vang.kommune.no 

Ta med gyldig legitimasjon: pass, førarkort eller bankkort med bilde blir godteke.

Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.

Språk

Prøva er på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk.

Hjelpemiddel

Det er tillate å bruke lovsamling.

Pris

Prøva kostar kr. 400.

Pensum

Vinn.no tilbyr læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv"- prøver. Det blir anbefalt at deltakarane set seg inn i pensumet på førehand. 

Kor mange gonger kan du ta prøva?

Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det koster 400 kroner kvar gong.

Prøvebevis

Alle som består etablererprøva får eit prøvebevis, som det er viktig at du tek vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova.