Ambulerande skjenkeløyve - for eit enkelt høve

Ønsker du å servere alkoholhaldig drikke i eit slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søke kommunen om skjenkeløyve.

All servering av alkohol mot vederlag krev at du har løyve. Du treng ikkje løyve ved private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge det ikkje blir teke betalt for drikke.

For visse typar lokale, stader og samanhengar blir det som hovudregel kravd løyve for skjenking av alkohol, sjølv om det skjer utan vederlag. På slike stader er det òg forbode å drikke alkohol, med mindre det skjer i samsvar med eit innvilga skjenkjeløyve, jf. § 8-9.

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytt til ein bestemt person eller skjenkestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre til bestemte hendingar/arrangement som til dømes festivalar og dansetilstellingar. Slikt løyve kan gjevast anten som alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkjestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Søknad

Du må sende digital søknad til kommunen i god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kvar og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar og nestansvarleg. Ansvarshavande må gjere seg kjend med reglane i alkohollova og alkoholforskrifta og med lokale retningsliner i alkoholpolitisk handlingsplan.

Søknadsskjema: Ambulerande skjenkeløyve

Handsaming og handsamingstid

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve blir det innhenta fråsegn frå politiet. Du får skriftleg melding om vedtaket. Behandlingstida er til vanleg mellom tre til seks veker.

Klage

Dersom du er ueinig i vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du fekk vedtaket. Forklar kva du er ueinig i og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.