Jordlova:
Jordlova har som mål å verna om arealressursane i landet.
Jordlova pålegg eigar av jordbruksareal å sjå til at arealet vert drive (driveplikt).
Driveplikta gjeld i heile eigartida og eigaren må enten driva sjølv eller leige bort
jorda.
Jordlova skal sikra at jordbruksareal ikkje vert nytta til andre føremål enn jordbruk
utan samtykke frå landbruksstyresmaktene.
Jordlova omhandlar deling av jordbruksareal og skal sikra at jordbruksareal ikkje vert
delt frå ein eigedom utan samtykke frå landbruksstyresmaktene.
Fullstendige reglar om deling av grunneigedom står i Jordlova med tilhøyrande forskrifter og er å finna på Lovdata.no.
Plan- og bygningslova:
Dersom ein ynskjer å dela frå ein del av ein landbrukseigedom til andre føremål enn landbruk, til dømes bustadtomt, må ein i tillegg til løyve etter jordlova ha løyve til å omdisponera arealet etter plan- og bygningslova. Søknaden vil verta behandla som ei omdisponeringsak etter jordlova og som ei dispensasjonssak etter plan- og bygningslova. Det må søkjast dispensasjon frå gjeldande arealplan i kommuneplanen. Ei dispensasjonssak som inneber omdisponering av areal må som oftast sendast til statlege- og fylkeskommunale styresmakter til uttale. I tillegg må søkjaren senda nabovarsel til naboane.
Fullstendige reglar står i Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter som er å finna på Lovdata.no.
Søknadsskjema for søknad om deling av grunneigedom og rekvisisjon om kart- og oppmålingsforretning er å finna her (link til skjema).
Saman med søknaden må det liggja kart som viser omsøkt objekt.
Behandlingsgebyr:
Enkle saker: kr 1600,-. Andre saker: kr 7600,-
Konsesjonslova i jordbruket:
Konsesjon tyder løyve til erverv av fast eigedom. «Erverv» er eit uttrykk for alle måtar ein kan få ein eigedom på; eksempelvis gjennom kjøp, arv, gåve osv. Fast eigedom er til dømes hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal.
Konsesjonslova skal sikra omsetning av eigedomar i Noreg. I landbruket gjeld dette fyrst og fremst eigedomar det er bygd på og som har meir enn 35 da fulldyrka areal eller meir enn 100 da totalt areal. Men andre typar eigedomar kan òg vera omfatta av konsesjonsplikt.
Ubebygde eigedomar er unnateke konsesjonsplikt uavhengig av storleik.
Vang har innført såkalla 0-konsesjonsgrense, dvs. at all eigedom med hus som vert eller har vore nytta til heilårsbustad, er konsesjonspliktige og kan ikkje fritt verta brukt til fritids- føremål. For erverv av konsesjonspliktig eigedom vert det kravd løyve frå kommunen før eigedomen kan takast i bruk.
Som eit vilkår for å få konsesjon, kan ervervaren verta pålagd buplikt på eigedomen.
Bu-plikt tyder at nokon må bu på eigedomen. Bu-plikta kan enten vera personleg eller upersonleg. Personleg bu-plikt tyder at ervervaren må bu på eigedomen sjølv i minst 5 år. Upersonleg buplikt tyder at bustadhuset kan leigast ut til andre, men berre som heilårsbustad. Upersonleg buplikt er evigvarande for eigaren.
For eigedomar som ikkje er konsesjonspliktige må ervervaren fylla ut ein eigenerklæring om konsesjonsfridom. Der må ein kryssa av for føremålet med ervervet.
Fullstendige reglar om konsesjon for erverv av fast eigedom står i Konsesjonslova og tilhøyrande forskrifter som er å finna på Lovdata.no.
Søknadsskjema for konsesjon og eigenerklæring om konsesjonsfridom er å finna på landbruksdirektoratet.no.
Saman med søknaden må det liggja kart som viser omsøkt objekt.
Vedtak fatta av kommunen etter alle tre lovane kan klagast til Fylkesmannen
Behandlingsgebyr: kr 3015,-