Tilskotsordning bustadbygging

Vang kommune vedtok i sak KS-009/24 ei kommunal tilskotsordning for bustadbygging.

Lenke til vedtak i kommunestyret

Tilskotsordninga består av følgjande punkt:

1. Tilskot på kr 250 000 ved oppføring av ny einebustad/våningshus, med følgjande vilkår:

  1. Tilsegn om kompensasjon blir gjeve ved igangsettingsløyve.
  2. Bustaden skal vere permanent.
  3. Tilskotet blir utbetalt når bustaden har fått ferdigattest. Tilskotet kan brukast som eigenandel ved avtale mellom bank og kommune om betaling direkte til bank.
  4. For unge etablerarar t.o.m. det året dei fyller 35 år vert det gjeve ein ekstraordinær kompensasjon på kr. 100.000 for bygging av einebustad med livsløpsstandard

 

2. Tilskot på kr 200 000 per bueining, for oppføring av to- eller fleirmannsbustadar der einingane er separate og er berekna på to eller fleire uavhengige familiar eller husstandar, med følgjande vilkår: 

  1. Tilsegn om kompensasjon blir gjeve ved igangsettingsløyve.
  2. Tilskotet blir utbetalt når bustaden har fått ferdigattest. Tilskotet kan brukast som eigenandel ved avtale mellom bank og kommune om betaling direkte til bank.

 

Felles vilkår

  • Frå tilskotet er utbetalt skal bustaden det er gjeve tilskot til ha fast busetting i minimum 5 år. Får ein ikkje nokon til å leige/busette seg der, så skal bueininga ligge ute til utleige i offentlege kanalar. • Den som har fått tilskot må varsle Vang kommune dersom ein ikkje klarar å innfri vilkåra som er stilt. Vang kommune kan krevje at tilskotet blir forholdsmessig tilbakebetalt dersom bustaden som det er gjeve tilskot til vert nytta til anna føremål enn det som er føresetnaden.
  • Det er eit vilkår at bustad blir oppført etter livsløpsstandard for å få tilskot. Tilskotsordninga skal evaluerast seinast etter 3 år.

 

For spørsmål til ordninga ta kontakt med landbruk-teknisk etat.