Helsestasjon

Helsestasjon for born, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom er lovpålagte helsetilbod til born og unge i alderen 0-20 år, og til gravide som går til svangerskapskontroll.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal vera lett tilgjengeleg og er ei gratis teneste.

Tenesta følgjer born og deira familiar med helseopplysing, rettleiing, standardiserte undersøkelsar, vaksiner og anna målretta oppfølging på faste tidspunkt. Oppfølginga skal omfatte den fysiske og psykososiale utviklinga til bornet og bidra til gode oppvekstvilkår. I tillegg skal tenesta fange opp risikofaktorar, problem og skjeivutvikling, samt setje inn nødvendige forebyggande tiltak.

Vi samarbeidar med barnehagane, skulane, psykisk helseteneste, miljøarbeidertenesta og tannhelsestenesta. Videre samarbeidar vi med dei interkommunale tenestane: pedagogisk-psykologisk teneste, barnevern, NAV og jordmortenesta.

Kontaktinfo

Seija Johanna Kumpula
Leiande helsesjukepleier
E-post
Telefon 61 36 95 10
Mobil 977 43 775
Katrine Høyne
Helsesjukepleiar
Mobil 954 29 838
Helsestasjon på Vang barne- og ungdomsskule
Telefon 61 36 94 58

Åpningstider

Måndag - fredag
08.30 - 16.00

Helsestasjon VBU
Måndag og fredag
09:00 - 12:00
Telefon: 61 36 94 58

Adresse

Helsestasjon
Vangstunet, 2. etg
Tyinvegen 5151

Vang barne- og ungdomsskule
Tyinvegen 5035
2975 Vang i Valdres