Faktura frå Vang kommune

Vang kommune sender fakturaer og purringer digitalt. Før vi sender faktura søker vi etter deg i ulike digitale kanalar. Om vi ikkje finn deg i nokon av dei digitale kanalane, blir fakturaen sendt deg i papirformat.

Vang kommune kan ikkje påverke kva slags kanal du vil motta fakturaen i. Det må du sjølv velje i nettbanken din. 

Rekkefølga er slik:
1. avtalegiro
2. eFaktura
3. Vipps Regning
4. Digital postkasse innbyggjar
5. E-post
6. Blankett/papir

Den nye papirblanketten har ikkje girodel og kan difor ikkje nyttast som brevgiro. Om du likevel  ynskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme bankgiroblankettar kan du få i banken eller du kan få tilsendt frå Vang kommune. Informasjon som må fylles ut er:

  • beløp
  • betalarens bankkontonummer
  • betalt av
  • betalt til
  • kundeidentifikasjon (KID)
  • kroner og øre
  • til konto

Har du spørsmål knytt til dette kan du sende ein e-post til okonomi@vang.kommune.no eller ringe sentralbordet på 61 36 94 00

Her finn du ein informasjonsvideo om elektronisk fakturadistribusjon