Smittesituasjon 30.01.2022

Det vart meldt om to smittetilfelle fredag 28. januar og i dag har kommunen fått melding om ein positiv sjølvtest knytt til Fredheim barnehage. Smitteverntiltak er sett i verk og nærkontaktar vil få beskjed. 

Barn som er definert som nærkontaktar blir oppmoda om å teste seg, men dersom barnet motset seg dette skal det ikkje testast. Føresette kjenner barnet sitt best og vurderar om testing lar seg gjennomføre. Finn meir informasjon om dette her. 

Alle innbyggjarar vert tilrådd å vere merksam på symptom og følgje dei sentrale smittevernråda:

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom
  • Reduser talet  på nærkontaktar, men ikkje isoler deg

Er du nærkontakt? 

Har du symtpom? 

Er du smitta?