Er du smitta?

Har du fått påvist koronasmitte skal du isolere deg frå andre og varsle nærkontaktane dine.

Isolasjon

Du kan avslutte isolering når det har gått 5 døgn etter tegn på symptomer og du er feberfri i minst 24 timer. Dersom du ikkje får symptom kan du avslutte isolering etter 5 døgn frå det tidspunktet du tok den positive koronatesten. 

Er du fullvaksinert og ikkje får symptom, kan du avslutte isolering etter 2 døgn.

For personar på sjukehus eller som går på immundempande behandling, kan kravet om isolering vere lenger.

Hugs å varsle nærkontaktane dine!

Har du fått påvist korona, så vil kommunen kontakte dei du bur saman med og andre tilsvarande nære. Dette gjer me i hovudsak mellom 08:00 og 15:30 på kvardagar. Du må varsle sjølv utanom ordinær arbeidstid.

Dei andre nærkontaktane dine bør du varsle sjølv. Fortel dei at du har fått korona, og oppfordre dei til å teste seg! Det spelar ingen rolle om dei er vaksinert eller ikkje - rådet er det same!

Les meir om nærkontaktar her.

Sjukdomsforløp

Sjukdomsforløpet kan varierer mykje frå person til person.

  • Mildt forløp: Symptom går over i løpet av ei til to veker, og det er sjeldan behov for behandling i helsetenesten. 
  • Moderat forløp: Etter fire til sju dagar med milde symptom får nokon lungebetennelse med tung pust, forverring av hoste og stigande feber. Dersom du opplev tung pust, bør du kontakte lege. Ein del vil ha behov for innleggelse i sjukehus. 
  • Alvorleg forløp: Som ved moderat forløp, men desse personane har i tillegg behov for intensivbehandling. Desse personane kan ha symptom i tre til seks veker. Dødsfall kan forekomme hos nokon av dei som blir alvorlig syke.

Reglar for deg som er i heimeisolasjon

  • Du må halde deg heime heile tida og ikkje gå ut, men du kan vere i eigen hage eller på eigen balkong/veranda/terrasse.
  • Andre må hjelpe deg med naudsynte ærend.
  • Du skal helst halde minst to meters avstand til dei du bur saman med.
  • Du bør ha eige rom og bad når dette er mogleg. Bruk eigne baderomsartiklar, inkludert eige håndkle.
  • Du må være nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitte andre i husstanden.
  • Gjennomfør hyppig rengjering av heimen, spesielt på overflatar og dei stadane som de ofte tek på.