Rådmann Reidar Thune heidra for lang og tru teneste!

Klikk for stort bileteRådmann i Vang gjennom 22 år, Reidar Thune, vart under kommunestyremøtet torsdag heidra for lang og tru teneste for Vang kommune.
Ordførar Vidar Eltun overrekte ei gåve, ei fiskestong med ekstrautstyr, no når Reidar kanskje får meir tid til hobbyen sin fisking.
Ordføraren sa i si takketale at Reidar har vore ein pliktoppfyllande, arbeidsam, lyttande, men også klar i sine meiningar overfor politikarane og dei tilsette i kommunen. Han har evna til å sameine både folk og vedtak.

Klikk for stort bileteHan har vel knapt vore borte frå jobben i alle desse åra og han er høgt respektert, ikkje berre i Vang, men i heile Valdres og Oppland for den del for den jobben han har gjort. Mange har drege nytte av Reidar si høge kompetanse og han har kunnskap om det aller meste.
Vang kommune har særs mykje å takke Reidar for og me ynskjer han all mogleg godt i tida som pensjonist. Reidar med frue vil bli invitert som heidersgjester når sitjande kommunestyre skal ha si avslutning til hausten.