Ordføraren talar

 Kommunen, landet og verda er inne i si mest krevjande og uoversiktlige periode sidan 2. verdskrig. Regjeringa har bestemt at dei strenge forboda og påboda skal gjelde til etter påske. 

I ei tid med mykje usikkerheit, er det heilt avgjerande at me alle følger styresmaktene sine råd og vedtak. Vang kommune følgjer dette opp på best mogleg måte. Kriseleiinga har daglege møter. Me får no sjå kor viktig det er å vere ein ja-kommune; alle stiller opp til beste for kommunen og fellesskapet.

Pr. 26. mars er det ingen innbyggjar i Vang med påvist koronasmitte. Det kan sjølvsagt vere dei som har smitta utan å ha vorte testa, men uansett er det svært gledeleg for Vang at me har denne situasjonen. Noko er sjølvsagt tilfeldigheiter og flaks, men det er også gjort grep på eit tidleg stadium av kommunen, og spesielt helsepersonell, for å unngå at smitta skal koma til Vang og at den ikkje skal få lov til å spreie seg. Målet til regjeringa er no å få smittetalet under null, altså at smitta skal døy ut av seg sjølv over tid. Det kan me alle bidra til ved å halde avstand og følgje styresmaktene sine råd, forbod og påbod.

Me er på mange måtar i ein unntakstilstand. Sosial kontakt skal unngåast mest mogleg. Dette er svært krevjande for innbyggjarane i alle aldrar. Kanskje skulle skuleeleven vore på trening eller øving og kanskje skulle du vore på ein aktivitet eller i eit festleg lag. Det er tungt for den som sit heime som ikkje kan reise på kafe og som knapt får besøkt naboen, eller får vore med på felles trimturar. Til dykk alle: Fatt mot, dette skal me klare oss igjennom. Viss alle er pliktoppfyllande no, kan tida når me kan leve som normalt att vere rett rundt hjørnet. Ring familie, venner eller nokon som kanskje treng det litt ekstra, og gjer ei tid som kan vere vanskeleg og einsam litt lettare.

Næringsliv, landbruk og andre næringar blir hardt råka av koronapandemien. Det er så voldsomt at det er vanskeleg å ta inn over seg. Og så gjeld det ikkje berre i Vang, men i heile verda. Tilskotsordningar og andre tiltak frå staten, fylkeskommune og kommune blir viktig. Viktig at ein får så god oversikt på kva kvar enkelt næring, bedrift, gardbrukar mv. har av utfordringar. Svar derfor på spørjeundersøking frå Valdresregionen som blir sendt ut til alle i desse dagar. Og så er det lov å bruke kreativitet oppi det heile og tenkje framover. Eit eksempel kan vere Intersport Filefjell som har stengt butikken i ei periode, men som kan tilby sal av varer over nett likevel. Og viktig for oss alle no: HANDLE LOKALT!

Påska er berre nokre dagar unna og sjølv om den bli kalla den «stille veka», blir den i år diverre alt for stille for oss alle. Våre kjære fritidsbebuarar og gjester elles kan ikkje koma til oss. Det er vondt for dei, det er vondt for oss. Debatten kring dette viser kor mykje hytta og fjellet betyr for kvar enkelt. Det er heilt avgjerande for oss alle at me kjem tilbake til normalsituasjonen så fort som mogleg. Men påska 2020 blir ikkje normal. Den blir rar. Men me skal koma oss gjennom den også. I saman.

Eg vil til slutt takke alle for den innsatsen de legg ned for at Vangssamfunnet skal fungere så godt som mogleg i denne svært vanskelege tida. Ingen nemnt, ingen gløymd. Formannskapet hadde informasjonsmøte i går og tilbakemeldingane var eintydige; dei var stolte av den innsatsen som blir lagt ned, at Vang er godt førebudde til å stå i krisa og politikarane vil meir enn gjerne bidra til at kvar einskild skal koma gjennom dette på ein så god måte som mogleg. Fleire tiltak vart drøfta og dette skal me følgje opp vidare.

 

Vidar Eltun
ordførar