Oppdatering frå Vang kommune 21.11.21 kl. 10:30

 Her er siste nytt frå kommunen. 

  • Straum og breiband (fiber) skal no vere oppe i Vang kommune.
  • Telenor sitt nett er framleis nede. Rettetid er ukjent.
  • Grindaheim Røde Kors er stasjonert på Vangsheimen, 2. etg. Dei kan vidareformidle kontakt til ambulanse og legevakt. Møt opp der og ring på døra. Røde Kors vil vere på Vangsheimen til all kommunikasjon er oppe att.
  • Operativ legevakt er på Valdres lokalmedisinske senter på Fagernes. 
  • Ved alvorlege hendingar, og du kan ringje sjølv, kontakt nødnummer direkte
    • Legevakt: 116117
    • Brann: 110, Politi: 112, Helse: 113
  • Vangsheimen følgjer opp innbyggjarar med tryggleiksalarm
  • Ventar du på svar etter koronatest teke fredag 19. november? Analyser er forsinka frå laboratoriet, det er venta svar i dag. 
  • Ringe via Wi-Fi, når mobilnettet er nede:

Har du internett, kan dei fleste mobiltelefonar ringe og sende meldingar over trådlaust nett, i staden for via mobilnettet.

Slik aktiverar du Wifi Tale:

iPhone:
Opne Innstillinger – Velg Telefon – Velg Wi-Fi anrop – Aktiver Wi-Fi anrop
Når WiFi anrop er aktivert vil mobilen automatisk nytte Wi-Fi til samtaler og SMS ved behov.

Samsung:
Opne Innstillinger – (Tilkoblinger) - Velg Wi-Fi anrop – Skru på

Sony:
Åpne Innstillinger – Velg Mer – Velg Wi-Fi anrop – Skru på