Kraftige vindkast - gult farevarsel

Det er ei vindfull helg i Vang. Meteorologisk institutt melder gult farevarsel for vind også måndag 30.01.2023 for vestlege og nordlege strøk Østafjells. 

Tenk gjennom kva du kan gjere for å avgrense skader. Lause gjenstandar kan blese avgarde. Straumforsyning, telefon og internett kan bli påverka, til dømes ved at tre knekk eller kjem i kontakt med linjenettet. Enkelte vegar kan bli stengt på grunn av tre i vegbanen, snøfokk mm. 

Dette kan du gjere:

  • Sikre lause gjenstandar
  • Unngå ferdsel på utsette stader
  • Vere førebudd på straumbrot
  • Vere førebudd på bortfall av telefon og internett

 

Kommunen minner om

Ved bortfall av telefon og internett vil Grindaheim Røde Kors bemanne satellittelefon på Vangsheimen, Tyinvegen 5150.  Denne satellittelefonen kan du bruke dersom du har behov for å kome i kontakt med naudetatane dersom anna kommunikasjon ikkje fungerer.