Faresoner rundt Vangsmjøse kartlagt - gjev grunnlag for vidare tryggingsarbeid

Det er no laga kart som viser områda som kan vere utsette om det i framtida kjem ei flodbølge etter skred frå Skutshorn.  Karta blir grunnlaget for arbeidet med å trygge innbyggjarane gjennom befolkningsvarsling, beredskapsplanverk, øvingar og kontinuerleg overvaking av fjellpartiet.

Overvakinga er i gang

Det blir no sett opp utstyr med kamera og ulike sensorar for å kunne overvake det ustabile fjellpartiet. Hastigheit på rørsle av ustabile fjellparti blir målt med GPS og satellitt- og bakkebasert radar.

Skutshorn har allereie periodisk overvaking. Vidare arbeid går ut på å få sett opp utstyret som skal sørge for at ein kan overvake fjellpartiet kontinuerleg.

NVE har det overordna ansvaret for førebygging av skader frå flaum og skred i Noreg.  NGU kartlegg og risikoklassifiserer ustabile fjellparti på oppdrag for NVE. Det er NVE som har ansvaret for overvaking av fjellparti med moderat og høg risiko. Det er også NVE som avgjer farenivået for dei fjellpartia som vert overvaka.

Hovudfunn om kvar det er mest utsett

Områda nær Vangsmjøse ligg i faresonene for flodbølgje som følgje av fjellskred frå Skutshorn. Dei større areala som kan bli fløymd over ligg på dei flatare områda frå Vang Autoservice i vest til Vang barne- og ungdomsskule i aust. Store deler av Øye (Nedre Dalen) og E16 ligg og innanfor faresonene.

Rapporten syner fire faresoner, to av dei har konsekvens for byggesøknadar og plansaker og er knytt til krava i TEK17 (sannsyn større enn 1/1000 pr. år og 1/5000 pr. år), ei er knytt til faresone med sannsyn 1/10 000 og ei sone er grense for maksimal oppskyljing. 

Slik kan folk få info og stille spørsmål 

Kommunen vil gjerne høyre frå deg om du har spørsmål om Skutshorn og faresonekarta. Her er ingen spørsmål dumme, og me oppmodar om at de tek kontakt slik at kommunen kan førebu svar til informasjonsmøtet vi planlegg å ha i januar 2023, seier ordførar Vidar Eltun. Kommunen har god og tett dialog med NVE og Statsforvaltaren i Innlandet og vil forsøke å svare ut alle spørsmål som kjem inn. 

Har du spørsmål? Ta kontakt per e-post: postmottak@vang.kommune.no

Prosessen vidare

Det blir ei orientering om rapporten i kommunestyremøtet 15. desember og det blir planlagt eit informasjonsmøte for alle medio januar 2023. 

Bakgrunn og konsekvensar for byggesøknader og plansaker

NGI rapport - Flodbølger etter skred fra Skutshorn ved Vangsmjøse 

Vang kommune fekk fredag 2. desember oversendt endelege faresonekart i rapporten Flodbølger etter skred fra Skutshorn ved Vangsmjøse. Det er NGI som har utarbeida rapporten med faresonekart på vegne av NVE. Måndag 5. desember hadde NGI og NVE orientering om rapporten for Vang kommune og Statsforvaltaren i Innlandet. 

Konsekvens for byggesøknadar og plansaker

Ved behandling av byggesøknadar og plansaker er det dei to grensene knytt til krava i TEK17 som er relevante: 

  • • Faresone med sannsyn større enn 1/1000 pr. år, knytt til tryggleiksklasse S2 (grøn linje i faresonekarta)
  • • Faresone med sannsyn større enn 1/5000 pr. år, knytt til tryggleiksklasse S3 (raud linje i faresonekarta)

TEK17 §7-3 (2) skil mellom tre tryggleiksklasser for byggverk. Det er byggverk i tryggleiksklasse S2 og S3 som får restriksjonar som følgje av faresonekarta.

Byggverk i tryggleiksklasse S1 blir ikkje rørt av dei nye faresonene. Ser ein på faresonekartet i rapporten vil det på areala mellom grøn linje og Vangsmjøse vere byggjeforbod for byggverk i tryggleiksklasse S2 og på areala mellom raud linje og Vangsmjøse vil det vere byggjeforbod for byggverk i tryggleiksklasse S3. 

Det er mogleg å gjere unntak frå desse byggjeforboda, det kan ein lese meir om i TEK17 §7-4. For at ein kan gjere unntak er det fleire vilkår som må vere oppfylt. Kommunen, i samarbeid med NVE og Statsforvalteren i Innlandet, vil no arbeide med å oppfylle desse vilkåra. Det er mellom anna vilkår om overvaking av Skutshorn, beredskapsplanar og avklaringar i arealplan. 

Sjå vedlegg om tryggleiksklasser for skred i Byggteknisk forskrift (TEK17) §7-3 (2).

 

Tryggleiksklasser for skred i TEK17 §7-3 (2)

TEK17 med rettleiing kan du finne på dibk.no

Byggverk i tryggleiksklasse S1

Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt ikkje oppheld seg personar og der det er små økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som garasje, uthus, båtnaust eller lagerbygning med lite personopphald.  Enkelte mindre tilbygg, påbygg, ombyggingar og bruksendringar er omfatta av tryggleiksklasse S1, sjå §7-3 (3). 

Byggverk i tryggleiksklasse S2

Dette kan for eksempel vere byggverk der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, eller der det er middels økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Dette kan vere byggverk slik som bustadar med maksimum 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg maksimum 25 personar, driftsbygning i landbruket, parkeringshus mm.

Byggverk i tryggleiksklasse S3

Dette omfattar for eksempel byggverk der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, eller der det er store økonomiske eller andre samfunnsmessige konsekvensar. Eksempel på slike byggverk er bustad/leilegheitsbygg med meir enn 10 bueiningar, arbeids- og publikumsbygg/brakkerigg/overnattingsstad der det normalt oppheld seg meir enn 25 personar, skule, barnehage, sjukeheim og lokal beredskapsinstitusjon.