Bygningar, gjerdehald og dyrevelferd.

Å ha dyr på beite er god dyrevelferd og sikrar god utnytting av naturresursane. I tillegg er beitebruk viktig for å halda eit ope og levande kulturlandskap og eit biologisk mangfald. Vanleg gjerdehald utanfor offentleg veg og jernbane er regulert av lov om grannegjerde. Men private avtalar går føre lova dersom avtalane ikkje er i strid med lova. Det er alltid høve til å inngå nye avtalar. To naboar har full rett til å inngå avtale om fjerning av gjerde mellom sine eigedomar dersom gjerdet ikkje støyter mot ein tredje nabo som ynskjer å behalda avtalen om gjerdeplikt.

Når grannegjerde ikkje blir halden vedlike, skal farleg gjerde fjernast. Det same gjeld farlege bygningar.

Der gjerdehaldaren eller den som eig bygningar ikkje ser seg i stand til å halda gjerdet eller bygningen vedlike eller fjerna det sjølv, må han leiga folk til å gjera arbeidet. Men sjølv om arbeidet er sett bort, fritek det ikkje eigaren frå vedlikehaldsansvaret. Eigaren er ansvarleg for at arbeidet blir gjort.

Mattilsynet kan gjera vedtak om fjerning eller istandsetjing av gjerde og/eller bygningar som er til fare for beitande bufe når gjerdehaldar ikkje viser vilje til å etterkoma kravet han har på seg til å rydda opp etter pålegg, jf. § 15 i dyrevelferdslova der det står:

«Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes vedlike slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennonføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenningen og belastninger».

Mattilsynet kan òg bruka «opptrappande» verkemidlar t.d. tvangsmulkt.

Det kviler også erstatningsansvar for skadar som oppstår som fylgje av manglande vedlikehald av bygningar og gjerde.

I seinare år er det i einskilde område brukt straumgjerde (både rutegjerde og trådgjerde) i hytteområde og på landbrukseigedomar. Desse kan vera portensielle dødsfeller for beitande husdyr og vilt.

Slike gjerde må berre brukast med tilkobla pulserande straum og under dagleg tilsyn.

Straumgjerde utan tilkobla straum og utan dagleg tilsyn «utset dyr for fare og unødig påkjenning og belastning».

Gjerdetypen er ikkje eigna til bruk i/mot utmark der ein bør berre bruka gjerde av tre (planke- gjerde/skigard) eller gjerde av stålnetting (nasjonalgjerde).

Ein kjem ikkje unna gjerdeplikta sjølv om ein sluttar med dyr og/eller leiger bort jorda.

Gjerdeplikta kviler nemleg på grunneigaren som eig eigedomen. Den som ynskjer fordelen ved å eiga ein eigedom, må tåla dei byrdene eigarskapet fører med seg.

Når det gjeld farlege bygningar og gjerde, er mykje gjort i Vang for å betra forholda. Men det viser seg at mykje står att.

Vang kommune, Vang Bondelag, Vang Bonde- og småbrukarlag, beitelaga og Mattilsynet henstiller til grunneigarane i Vang å sjå over gjerda sine og ev. farlege bygningar før beitesesongen tek til.

Den som kjem over farlege gjerde eller hus kan melda frå til landbrukskontoret som så kan gå inn på gardskartet og finna ut kven som er grunneigar og melda frå til vedkomande

Når kommunen får melding om farlege bygningar og/eller gjerde, er det vanleg å melde frå skriftleg til den grunneigaren der bygningane og/eller gjerdet er og gje ein frist på 14 dagar med å ordna opp. Dersom det ikkje er gjort noko innan fristen, vert saka oversendt til Mattilsynet som har fullmakt til å påleggja grunneigarane å halda bygningar, gjerde og andre innretningar  vedlike eller riva dei for å unngå skade på folk, beitedyr og andre dyr.  

Vang bondelag           Vang Bonde- og småbrukarlag          Landbrukskontoret i Vang

Vang beitelag             Austvang beitelag Høre sankelag     Øye sankelag

Vang Miljøforum       Mattilsynet