Når får eg faktura?
Frå og med 01.01.2026 blir kommunale avgifter fakturert fire gonger i året i staden for to. Det betyr at du vil få faktura kvartalsvis, altså ein gong kvart kvartal.
Du vil få faktura i: februar, mai, august og november.
Les meir om dette her: https://www.vang.kommune.no/nyhende/betalingssatsar-og-fakturarutiner-for-2026.11878.aspx
Redusert mva-sats for vatn og avløp
Endring i meirverdiavgift frå 1. juli 2025 gjer at kommunale avgifter må reknast med ulik mva-sats i same fakturaperiode. Fakturaen er difor delt opp i to linjer for å sikre korrekt utrekning av avgift og meirverdiavgift.
Eg har fått tilsynsgebyr – spreidd avløp, kva er det?
Alle som har eit privat avløp vil bli fakturer eit årleg tilsyns gebyr. Tilsynet er ei lovpålagt oppgåve for alle kommunar i Norge. Les meir om dette her: https://www.vang.kommune.no/nyhende/informasjon-om-tilsynsgebyr-spreidde-avlop.11397.aspx
Det har ikkje vore feiar hos meg, kvifor får eg likevel faktura for feiegebyr?
Feietenesta blir gjennomført etter forskrift om brannforebygging kapittel 4. Piper skal feiast etter behov. Kommunen skal føre tilsyn og vurdere behovet for feiing i kvar einskild pipe. Det betyr at feiing ikkje blir utført kvart år. Kommunen har og ansvar for feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustader.
Vang kommune fakturerer feie- og tilsynsgebyr kvart år som ei á konto betaling, i staden for at det blir ein større faktura etter kvart besøk.
Ved spørsmål om feiing eller klage på utført teneste må du kontakte Valdres brann- og redningstjeneste IKS.
Les meir om dette her: https://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/brann-rednings-og-feiarvesen/
Eg har ikkje eldstad, kvifor får eg feiegebyr?
Dersom du ikkje har eldstad, kan du søkje om fritak for feie- og tilsynsgebyr. Skjema finn du her:
https://www.valdresbrannvesen.no/media/1224/skjema-fritak-for-feie-og-tilsynsgebyr-vbr-01.pdf
Har du fleire spørsmål om fritak frå feiing, kan du ta kontakt med Valdres brann- og redning.
Eg ønskjer avtalegiro – korleis ordnar eg dette?
Avtalegiro opprettar du sjølv i nettbanken din.
Det står feil adresse på meg – kor kan eg endre dette?
Send ein e-post til post@vang.kommune.no med opplysningar om gards- og bruksnummer, samt den nye adressa di.
Om du ikkje finn svara du leitar etter her, er det berre å ta kontakt med oss:
post@vang.kommune.no