Valdres brann- og redningstjeneste IKS

Valdres brann- og redningsvesen er eit interkommunalt selskap (IKS), der Vang kommune er ein av eigarane. Selskapet tar vare på brannberedskapen i Vang kommune.

Spørsmål om løyve til brenning av bål, fyrverkeri og liknande, kan rettast til leiar forebyggjande eller brannsjef. Sjå kontaktiformasjon på heimesida til selskapet.

Piper skal feiast etter behov, og minimum kvart fjerde år. Feietenesta gjennomførast etter forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn kapittel 7. Kommunen skal føre tilsyn og vurdere feiebehovet i kvar einskild pipe. Forskrifta fastsett også at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustader.

Forskrifta er risikobasert, og kommunen bestemmer intervall for det førebyggande arbeidet ut frå risiko. Endring er positiv for det brannførebyggande arbeidet, da ein nå vil sette inn ressursane der det trengs i staden for å bruke tid og ressursar der nivået er bra.

Feieavgifta og andre gebyr blir fakturert årleg uavhengig av feiing eller tilsyn.

Kontaktinfo

Valdres brann- og redningstjeneste IKS
Vakttelefon
Mobil 90 51 19 55
Laila Lien Østgård
Brannsjef
E-post
Mobil 95 07 24 66
Steinar Kvam
Feiar
Mobil 95 33 30 01

Adresse

Skrautvålsvegen 77 (Valdres Næringshage)

2900 Fagernes