Ingeborg Lunde konstituert som kommunalsjef på landbruk og teknisk

Portrett. - Klikk for stort bileteIngeborg Lunde, konstituert kommunalsjef for landbruk og teknisk.

I samband med at noverande kommunalsjef Morten J. Johansen sluttar i stillinga er Ingeborg Lunde konstituert som kommunalsjef frå 15. november. Ingeborg kjem frå stillinga som arealplanleggjar og har også fungert som stedfortreder for kommunalsjefen. Ho har utdanning frå NTNU og tidlegare arbeidserfaring frå Småkraft før ho vart tilsett på etaten i 2019. Ingeborg blir med i kommunedirektøren sin leiargruppe og vil vere konstituert fram til vi har ein fast tilsett i stillinga.