Informasjon om fugleinfluensa

Fugleinfluensasmitte sirkulerer blant ville fuglar i store deler av landet, og Mattilsynet oppfordrar til godt smittevern.

Dette omfattar fleire arter, men i år rammar sjukdommen særleg trua arter som krykkje og andre måkearter.

Kan fuglar smitte menneske?

Fugleinfluensa smitter svært sjeldan frå fugl til menneske, kun ved svært nær kontakt med sjuke eller døde fuglar. Folkehelseinstituttet vurderer smitterisiko til menneske som svært låg. Sjukdommen smitter ikkje til menneske via mat eller drikkevatn. Menneske som blir smitta kan få alvorleg sjukdom.

Les meir om råd for å førebygge smitte av fugleinfluensa til menneske på Folkehelseinstituttet

Informasjon frå Mattilsynet

På Mattilsynet si nettside finn du informasjon om fugleinfluensa

Svar til innbyggarar om fulgeinfluensa

Meld frå til Mattilsynet

Har du oppdaga døde eller sjuke fuglar og andre dyr, og mistenker fugleinfluensa? Meld frå til Mattilsynet.

Du finn kontaktinformasjon og meir informasjon her