Godt møte mellom Statsforvaltaren i Innlandet og Vang kommune

Statsforvaltar Knut Storberget med følgje møtte Vang kommune torsdag 12. februar. God og respektfull dialog prega dagen. 

Ulike tema som integrering, friviljug arbeid, beredskap og arealutfordringar var på bordet. 

Statsforvaltaren er staten sin representant i Innlandet og har ansvar for å følge opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunen og sentrale myndigheiter. God og tidleg dialog er avgjerande for at me skal få til den samfunnsutviklinga me ynskjer.  

Dagen baud og på sterke møter med menneske. Fantastisk vintervêr vart foreviga på mang ein telefon.